kattnakken logo
kattnakken logo

Alle artikler

Korleis klargjer eg produktet for reparasjon eller reklamasjon?Oppdatert 20 days ago

Alle reparasjonar og reklamasjonar må avklarast med Kattnakken før innsending. Kontakt oss på epost-adresse [email protected].

Legg ved namn, adresse, mobilnummer og e-post i pakken når du returnerer produktet. Dette for at me skal vite kven me skal kontakte og returnere vara til etter reparasjon. Ved garantisak må også kopi av kvittering leggast ved.
Ved reparasjon må du også legge ved beskriving av det du ønsker fiksa.

Alle produkt som blir sendt inn for reparasjon må vere nyvaska. Dersom produkta ikkje er vaska etter Kattnakken sine anvisningar tek me atterhald om retten til å fakturere 300 kr for vask. Om produktet ikkje er vaska får me ikkje reparert det, eller sett på eventuelle feil, og me må levere det til vask før me kan starte arbeidet. Dette er av hygieniske årsaker og for at me skal kunne sjå eventuelle skadar og reparere dei.
Var denne artikkelen nyttig?
Ja
Nei